top of page

Trenarar Proffveka

​

Vi jobbar med planane for årets Proffveke. Trenerane vil bli presentert på denne sida etterkvart. Under visast eit knippe av dei som tidlegare har vore trenerar på Proffveka.

sindre_eid_edited.jpg

Sindre Eid

 

Sindre er i dag toppspelarutviklar i Aalesund FK, og har dermed hovedansvaret for å optimalisere utviklinga til dei yngste i A-stallen og dei fremste på akademiet. Sindre har ei lang og god karriere, både som spelar og trenar. Som aktiv er han først og fremst kjend som ei vassekte Hødd-legende , ein klubb han også var trenar for i mange år.

Per Gidlund

 

Per kjem frå Västerås i Sverige. I Sverige trente han lag frå G15 til Superettan. Han har jobbea med fotball på heiltid sidan 2005, og kom til Norge i 2013.

 

Jobbar i dag I Molde FK som Toppspelarutviklar Akerakademiet, der han føl opp enkeltspelarar i forskjellige lag – G15, G17 og G19/Molde 2 i trening, kamp og analyse

marius_hagen.png

Marius Hagen

 

Marius kombinerer no jobb på Notodden toppidrett VGS, med spel på øverste nivå på Færøyene. Har vært profesjonell fotballspelar i Sverige, Færøyene og i fleire norske klubbar (bl.a. Fredrikstad, Kristiansund, Ham-Kam og Hødd).  

Tommy Øren

 

Tommy har spelarerarfaring frå Sogndal og Ham-Kam. Han har har fleire aldersbestemte landskampar, og ikkje minst 1 A-landskamp 🇳🇴.Tommy er i dag spelarutviklar i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

download.jpg

Eirik Bakke

 

Bakke hadde ei strålande karriere som spelar, og spelte mellom anna semifinale i Champions League for Leeds. Etter aktiv karriere har han trent klubbar som Sogndal, Lillestrøm og Åsane. Han har over 50 aldersbestemte landskampar, og 27 A-landskampar🇳🇴. Eirik Bakke er i dag Premier League-ekspert hos Viaplay..

"Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 og 16 år som ynskjer å satse på fotball!"
bottom of page