top of page

Kva er Proffveka?

Proffveka blir arrangert av Stryn Fotball, og gjekk av stabelen første gong i 2010. 

Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 og 15 år (fødd 2009 - 2011) som ynskjer å satse på fotball! Maksimalt 76 utespelarar (38 gutar og 38 jenter) og 12 keeperar vert plukka ut til å delta gjennom innsende søknader. Proffveka i Stryn tilbyr topp kvalifiserte trenarar som gjev gode utviklings-moglegheiter, tilbakemeldingar og eit innblikk i kva som krevst for å bli ein topp fotballspelar.

Kven kan vere med på Proffveka?

Alle fotballspelarar mellom 13 og 15 år kan vere med på Proffveka. Men det er ei begrensing på antal plassar, og alle som vil vere med må sende inn søknad. Søknadsfristen er i år 1. juni.

Uttaket vert offentleggjort rundt 15. juni. Alle som søkjer vert kontakta via e-post om uttaket.

Kriteriet for uttaket er ferdigheiter, og uttaket blir gjort av Proffveka i samarbeid med Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Klikk her for å søke om plass

38612552_2105569502794926_53117302413102
bottom of page