"Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 og 16 år som ynskjer å satse på fotball!"

Praktisk informasjon

Oppmøte

Oppmøte første dagen er på Stryn Stadion. Her blir deltakarane registrert, får utdelt utstyrspakken og får informasjon om overnatting.

 

Start og slutt på veka

Vi har ope sekretariat for registrering av utøvarar med utdeling av utstyr og informasjon frå kl. 16.00 – 19.00 på Stryn Stadion måndag 5. august. Vi oppmodar alle om å vere på plass seinast kl. 18.00, då dette vil ta litt tid. Treninga vil starte kl. 19.30.  Proffveka i Stryn vert avslutta fredag 9.august med lunsj kl. 13.00

Utstyr

Kvar utøvar får utdelt eit treningssett frå Hummel (drakt/shorts/fotballstrømper) og jakke frå Skogstad. Treningssettet vert vaska kvar kveld, og vert utdelt på skulen (før frukost) neste dag. Ein skal nytte utlevert treningssett under treningane. Vi ber likevel deltakarar ta med ekstra treningssett med t-skjorte, shorts, sokkar, genser/jakke og bukse i tilfelle dårleg vèr. Anna fotballrelatert utstyr som ballar, vestar, etc. held Stryn Fotball.

Overnatting

Utøvarar med A-kort skal overnatte i klasserom på Stryn Vidaregåande Skule. De må ta med sovepose og eit godt liggeunderlag. Pute er også kjekt! :-)

Korleis ser ein dag ut på Proffveka?

09:00: Frukost på Stryn Stadion
10:00: Fotballtrening på Stryn Stadion
12:00: Lunsj på Stryn Stadion
13:00: Faglig teoretisk del
15:00: Fotballtrening på Stryn Stadion
18:00: Middag A kort - utøvarar
19:00 – 22.00: Fritidsaktivitetar

Prisar for Proffveka 2019

A-kort kr 3.375

Treningsavgift, utstyrspakke frå Hummel, seminar,
overnatting på Stryn vidaregåande skule og 3 måltid pr dag
 

B-kort kr 2.875

Treningsavgift, utstyrspakke frå Hummel, seminar og lunsj kvar dag

Matservering

Kosthald er svært viktig for alle, og spesielt unge fotballspelarar.

Spelarane får servert frukost og lunsj i eige telt på Stryn Stadion. Middag blir servert på Isehaug Kafeteria. I tillegg blir det grilling ein av kveldane.

Gutta i røyken!
38697905_2106985275986682_30571704773456