top of page

Sportsleg opplegg

Målsetting

  • Kunne tilby dei beste ungdomstrenarane frå ulike fotballmiljø i Europa
    (Norge, England, Nederland, Tyskland)

  • Ha gode fasilitetar
    (baneforhold, overnatting og kost)

  • Ha glimrande medisinsk oppfølging til utøvarane
    (skadeforebygging og fysioterapeutar)

  • Motivere, inspirere og begeistre allerede motiverte og gode spelarar til å få ut sitt potensiale

Vi ønskjer best mulig kvalitet i alle øktene våre. Når vi får samla så mange gode spelarar med stort fokus på å bli betre, har vi eit godt utgangspunkt. Treningane består av mest mulig kamplike situasjonar og fokuset er på taktiske valg. Sjølvsagt er teknikk også ein del av det, men det blir meir eit verktøy for å gjennomføre gode valg.

 

Aktiv coaching på taktiske valg i trening og kamp anser vi som viktig. Høg trenarkompetanse + motiverte gode spelarar = kvalitet og utvikling. Vi har 5 treningsgrupper på Proffveka. 2 gutegrupper og 2 jentegrupper + ei eigen keepergruppe (6 jenter og 6 gutar)

 

Utespelargruppene blir leia av dyktige trenarar som har spelarutvikling som sitt spesialfelt. Paul Lever (ansvar for utdanning av akademitrenarar i Nord-England for det Engelske fotballforbundet), Roar Wold (spelarutviklar i Rogaland og J15 landslagstrenar) og Brad Douglass (sjef for Coerver Coaching Europa) er eksempel på kvaliteten på trenarar som blir henta til Proffveka.

 

Keeparane blir ivaretatt av ein høgt utdanna keepertrenarar frå akademi i England. Dei siste åra har dette vore Chris Williams frå Manchester City, og Joe Peterson frå Everton.

38901039_2110904028928140_27938044184897
38717334_2105570276128182_17827447173021
38697905_2106985275986682_30571704773456
bottom of page