Proffveka 2020 er no gjennomført for 11. gong. Vi som arrangørar er strålande fornøgd med gjennomføringa og vil takke alle spelerane, trenerane og alle andre som har bidrege til å gjort Proffveka 2020 til eit vellukka arrangement.
Planane for 2021 er sjølvsagt ikkje klare endå men vi har likevel opna for å søke. Håpar vi ser deg :-)
Kvalitet - Glede - Utvikling
Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 og 15 år (fødd 2006-2008) som ynskjer å satse på fotball! Maksimalt 76 utespelarar (38 gutar og 38 jenter) og 12 keeparar vert plukka ut til å delta gjennom innsende søknader.
Proffveka i Stryn tilbyr topp kvalifiserte trenarar som gjev gode utviklingsmoglegheiter, tilbakemeldingar og eit innblikk i kva som krevst for å bli ein topp fotballspelar.


